Fleire julegåver

Bukse og genser i mørkerosa isoli (joggebuksestoff) frå Stoff og Stil med applikert stoffbit med Anna og Elsa frå filmen Frost. Til eit tantegull på 4 år som er veldig glad i denne filmen. Mønster frå boka Heilt spesiell og jubel med nokre endringar. La på 10 cm i buksebeina og 6 cm i livel sånn at eg fekk lagt inn strikk istedetfor ribb.
DSC_1977
DSC_1980

DSC_1979

I tillegg sydde eg ei lita toalettveske / sminkepung av Frost bommullstoff frå Etsy. Den har lomme inni og utvendig med trykknapp til småstæsj. Mønsteret er frå denne bloggen: http://sisselssyglede.blogspot.no/2010/04/kurs-i-sminkepung.html?m=1
DSC_1944
DSC_1946

Julegåver

Her er nokre julegåver eg har sydd:-)

T-skjorte og panneband i supermannstoff frå Tygfabriken. Mønster på t-skjorte frå boka Heilt spesiell og jubel. Str. 4 år.
DSC_1958
DSC_1959

Bukse og siklesmekke med rev til to brødre på 1,5år og 6 mnd. Stoff med revar frå Tygfabriken. Blå French terry frå Stoff og stil. Lysegrøn isoli frå Tygfabriken. Buksemønsteret er frå Heilt spesiell og jubel (med litt justering: mindre “sleng” og lagt på 5 cm i lengda). Før eg applikerte på reven på buksa strauk eg over eit lag med vliselin for å få det litt stivt, så eit lag med lim (hugsar ikkje kva det heiter) før eg strauk det fast og sydde rundt reven sånn at det skal tåle vask.
DSC_1939
DSC_1941

Barselgåve

Til ei lita jente som vart fødd i november, sydde eg ei bukse (i str 68) med matchande siklesmekke og ei lita vimpelrekke.
Stoffet på buksa og siklesmekka er frå Kjekk og Søt, med rosa ribb frå Stoff og Stil.
DSC_2159
DSC_2157

Trekk til stellematte

På det andre badet vårt har vi ei stellematte vi legg på golvet når vi skal bytte bleie på minstemann. Vi har brukt å hatt ein handduk over når vi bytta bleie, men når man stadig skal rydde dette vekk og ta fram blir det litt styr med handduken som ikkje held seg på plass. Derfor sydde eg to trekk for å ha over stellematta. Sjølve stellematta er kjøpt på IKEA og er si sånn du blpser luft i kantane.
Eg sydde det som eit vanleg putetrekk med konvoluttåpning i vanleg fast bomullsstoff.
DSC_1909
DSC_1906
DSC_1907

Todelt pyjamas

Sydden denne todelte pyjamasen til 4-åringen. Brukte bukse- og gensarmønster frå Heilt Spesiell og Jubel boka. La på ca.10 cm i lengda på buksa sia dei er litt korte i størrelsen. Brukte lyseblå ribb i liv, fotåpning, hals og arm/mansjett frå Stoff og Stil. Fiskejerseyen er kjøpt i Sverige hos Tygfabricken.
DSC_2154
DSC_2156