To sett til jente

Sydde desse to setta til tantegullet på 3 år.

Mønster på genserane er frå Ottobre (4/13). Buksemønsteret er i frå boka Heilt spesiell og jubel.

 

Lilla sett:

Lilla velour, ribb og kattestoff-jersey frå Stoff og stil.

Bilde

 

Bilde

 

Bilde

Bilde

 

 

Grå/rosa sett:

Grå velour og kvit ribb frå stoff og stil. Rosa blomstrete jersey frå Olivias.

Bilde

Bilde

Bilde

 

 

 

 

 

Body med konvoluttåpning

Prøvde meg på body med konvoluttåpning til lillebror. Hadde ikkje mønster så tok utgangspunkt i ein body eg hadde og mønster frå Heilt spesiell og jubel. Resultatet vart ikkje så verst. Stoff på bukse og body; frå Stoff og stil.

2014-03-04 11.20.37

2014-03-04 11.20.16

 

2014-03-04 11.19.53

 

2014-03-06 22.08.17

Endå eit «Biler»sett

Litt meir av det eg sydde på søndag;)

Først eit blått sett i blå isoli (Stoff og stil) med applikert Guido (fra filmen Cars/Biler). Mønster på genser frå Ottobre (nr 1/14) der eg la på 4 cm i lengda for den var så kort i modellen. Buksa er eige mønster, men lommene er frå Heilt spesiell og jubel.

2014-03-04 11.19.24

2014-03-04 11.24.21

2014-03-04 11.18.42

Sydde også ei brun bukse i velour og ei siklesmekke  i same stoff som lommene på buksa (Lillestoff, frå Olivias.no). Sydde med pyntesøm i turkis langs sidene og rundt lommene. Veit ikkje heilt om eg likte det, men sånn blei det no :p

2014-03-04 11.23.15

2014-03-04 11.23.48

Tilslutt vart det to luer i «Haistoff» (frå Stoff og Stil), ein til storebror og ein til lillebror.

2014-03-04 11.25.26

Sy(søn)dag

Søndag reiste ungane og mannen til svigers, så då fekk eg heile dagen til å sy litt klede til minsten.

Her er eit av setta eg sydde og mitt første forsøk på å sy biseband. Synst det gjekk ganske greit;)

2014-03-04 11.26.02

2014-03-04 11.22.24

2014-03-04 11.21.47

Buksa er i grøn velourstoff frå Stoff og stil, eige mønster. Bisebandet laga eg av snøre og kvit viskosejersey, (også fra Stoff og stil) Body og siklesmekke i tynn jersey fra Fabricfairy. Siklesmekka fora eg med kvit velour. Bodymønster frå Heil spesiell og jubel. Siklesmekka er laga av eige mønster.